Reklame+elkj__p.jpgSpam.jpgparagraf_001.jpg

Marknadsrådet

Marknadsrådet er eit domstolsliknande forvaltningsorgan som har som oppgåve å avgjere klager på moglege brot på marknadsføringslova, samt reklameforboda i kringkastingslova og alkohol- og tobakksskadelova.

Marknadsrådet vart etablert i 1974, og er eit forvalt­ningsorgan som hovudsakleg følgjer forvaltningslovas reglar i si sakshandsaming. Marknadsrådet ligg administrativt under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, og får alle sine midlar over stats­budsjettet.

Ei sak som Marknadsrådet skal handsama etter marknadsføringslova, må alltid først ha vore handsama hjå Forbrukarombodet. Saka kan Forbrukarombodet sjølv, eller nokon med rettsleg interesse, bringe inn for Marknadsrådet. Saker om reklameforbod i kringkastingslova skal først hansamast av Statens medietilsyn, og saker om forbod mot reklame for tobakk og alkohol skal ha vore handsama av Sosial- og helsedirektoratet.

Vedtak som Marknadsrådet fattar er forvaltningsvedtak etter forvaltningslova. Marknadsrådet sitt vedtak kan imidlertid ikkje påklagast, men kan bringast inn for dei ordinære domstolane. Sivilombodsmannen har også uttala seg om enkelte av Marknadsrådet sine vedtak.

Marknadsrådet handsamar  omkring 20-30 saker i året, og den gjennomsnittlege sakshandsamingstida er ca. 3 månader.

Marknadsrådet har 9 medlemmer med personlege varamedlemer, og desse vert oppnemd av Kongen for 4 år av gongen. Marknadsrådet har ein leiar, ein nestleiar og sju ordinære medlemer.

 

Nyhetsbrev

Meld meg på  Meld meg av

Siste saker

  • Sak 14/1195 - sak for Markedsrådet

    Klage over Forbrukerombudets nedprioritering av klage på markedsføringen av taxfree-varer på Oslo Lufthavn Gardermoen ble ikke tatt til følge.

  • Sak 14/701 - for Markedsrådet

    Markedsrådet fattet vedtak om overtredelsesgebyr overfor innklagde på grunn av at det i stort omfang var handlet i strid med forbudet mot negativt salg i markedsføringsloven § 11.

  • Sak 14/542 - sak for Markedsrådet

    Saken gjaldt klage over Forbrukerombudets nedprioritering av klage på markedsføringen til Norsk Hyttelag AS rettet mot hytteeiere. Klagen ble ikke tatt til følge.